Informasjon til elevane om undersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar. Ei WHO-undersøking i over 40 land»

Bakgrunn og føremål

Elevar ved din skule er valde ut til å delta i ei undersøking om helse og trivnad mellom ungdom. Føremålet med undersøkinga er å kartleggja faktorar som medverkar til god utvikling i helse og trivnad hjå barn og unge.

Den innsamla informasjonen blir nytta til forsking og til å laga rapportar og analysar for Verdshelseorganisasjonen (WHO) og norske helse- og utdanningsstyresmakter. Resultata blir nytta til å utvikla tiltak for å betra helse og trivnad hjå barn og unge.

Liknande studiar har vorte gjennomførte kvart fjerde år sidan 1985. Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) ved Universitetet i Bergen har ansvar for undersøkinga.

Kva inneber det å delta i studien?

Spørjeskjemaet skal fyllast ut på skulen i løpet av éin skuletime. Du skal ikkje samarbeida med andre, og ingen skal vita kva du svarar – heller ikkje læraren. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om korleis du har det på skulen og i livet elles, helsevanar, fritidsinteresser, familie og vener.

Kva skjer med opplysningane du gir?

Me i prosjektgruppa veit ikkje kven du er, og du skal heller ikkje skriva namnet ditt i noko svarfelt. Under datainnsamlinga, kan prosjektgruppa sjå frå kva skule svara kjem, men ikkje kven som har svart.  Det er difor ikkje råd å sletta eller å endra på innsende svar. Data blir lagra på tilgangskontrollert nettverksområde der berre prosjektgruppa har tilgang.

Frivillig deltaking

Dersom du ikkje ønskjer å svara, kan du la vera. Dersom det er spørsmål du ikkje ønskjer å svara på, kan du gå vidare til neste spørsmål. Du finn meir informasjon om studien på denne nettsida.

På førehand takk for hjelpa!

Venleg helsing

Ellen Haug
Professor, leiar for undersøkinga i Noreg
Ellen.Haug@uib.no

Leave a comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *