Bakgrunn og formål
Skulen der dykkar barn er elev, er trekt ut til å delta i ei undersøking om helse og trivnad blant skuleelevar. Du må ta kontakt med skulen dersom du ikkje ynskjer at barnet ditt skal fylla ut spørjeskjemaet.
Formålet med undersøkinga, er å kartleggja faktorane som fremjar god utvikling i helse og trivnad blant barn og unge. Informasjonen blir nytta til forsking og til å laga rapportar og analysar for WHO og norske helse- og utdanningsstyresmakter. WHO kartlegg utvikling på tvers av land, medan norske styresmakter kan nytta resultata til å utvikla politikk og tiltak som fremjar helse og trivnad blant barn og unge.
I Noreg blir undersøkinga gjennomført blant omlag 6 000 elevar på 6., 8. og 10. klassesteg, og blant elevar i 1. klasse i den vidaregåande skulen. Tilsvarande studiar har blitt gjennomført kvart fjerde år sidan 1985. Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) ved Universitetet i Bergen, er ansvarleg for undersøkinga i Noreg.
Kva inneber det å delta i studien?
Deltaking inneber at ditt barn fyller ut eit elektronisk spørjeskjema. Det skal fyllast ut på skulen i løpet av ein skuletime. Korkje andre elevar eller læraren, vil få vita kva ditt barn svarar. Skjemaet inneheld spørsmål om korleis eleven har det på skulen og i livet elles, helsevanar, fritidsinteresser, familie og vener. Spørjeskjemaet inneheld også eit par spørsmål som gjeld føresette, mellom anna om yrkesaktivitet og sosioøkonomisk status.
Spørjeskjemaet finn du på denne nettsida.
Kva skjer med informasjonen om eleven?
Alle opplysningar vil bli handsama konfidensielt. Spørjeskjemaet innehelder ingen spørsmål som identifiserer eleven direkte. Eleven skal ikkje oppgje namn eller fødedato. Sidan svara ikkje kan knytast til eleven, kan det ikkje krevjast innsyn, endring eller sletting av avgjevne svar.
Skulen er identifisert i datafila med ein kode. Medan datainnsamlinga pågår, blir ei koplingsfil med skulenamn lagra på eit tilgangsregulert område. Koplingslista vil bli sletta etter fullført datainnsamling.
Frivillig deltaking
Du kan ta kontakt med skulen om du ikkje ynskjer at ditt barn skal svara på spørsmåla. Sjølv om du ikkje kontaktar skulen, kan barnet sjølv velja ikkje å delta. Deltakinga er heilt friviljug, og eleven kan også hoppa over enkeltspørsmål.
Studien er handsama og godkjend av den etiske komiteen ved Det psykologiske fakultet, UiB.
Tilbakemelding til lærar
Me ber om at du gjev melding til kontaktlærar dersom ditt barn ikkje skal delta i undersøkinga. Du kan gje denne meldinga skriftleg, med e-post, SMS eller munnleg.
Venleg helsing
Ellen Haug
Professor, leder for undersøkelsen i Norge
Ellen.Haug@uib.no