
Det er vanskeleg å gjere noko med forskjellar vi ikkje måler
Kva har økonomi å seie for helsa til barn og ungdom?
I fleire tiår har forskarar brukt Family Affluence Scale (FAS) for å måle korleis familiane har det økonomisk. Men samfunnet endrar seg, og ting som tidlegare var eit teikn på velstand, som å ha eigen bil eller PC, er ikkje nødvendigvis like relevant i dag.
Barn og unge som veks opp i familiar med færre ressursar, rapporterer oftare om dårlegare helse. For å forstå og måle desse forskjellane, treng vi gode måtar å fange opp levekår på.
Gjennom prosjektet QualiFAS Noreg snakkar vi med barn og unge i fokusgrupper for å finne ut kva dei meiner viser forskjellar i levekår. Målet er å utvikle nye spørsmål som gir eit meir presist bilete av sosioøkonomiske skilnader i ein norsk og nordisk kvardag.
Resultata skal bli del av eit større internasjonalt samarbeid i Health Behaviour in School aged Children (HBSC) nettverket, der forskarar frå mange land jobbar med det same. På den måten kan vi betre forstå og samanlikne korleis ulikskap påverkar barn og unges helse og trivsel.

👉 Vil du vite meir, eller delta i prosjektet? Trykk her.